Historikk

Det nedenstående er hentet fra Radio PRs jubileumsskriv, som ble laget da radiostasjonen feiret 20 årsjubileum i 2004.

OPPSTARTEN

Etter at NRK-monopolet blei oppheva i 1981, blei det mange stader i landet arbeidd ivrig med å setje i gang med nærradio først på 80-talet. Slik var det også i Nordhordland. Mange snakka og hadde idear, - meir eller mindre realistiske. Den litt meir lause idefasen fekk eit noko meir handfast preg etter at ei nemnd med Knut Risnes som formann kalla inn til eit første orienteringsmøte på Nordhordland Folkehøgskule 12.04.84 der hovudspørsmålet var å lodde stemninga for ein nærradio i Nordhordland. Dagen etter kalla Amund Valde, Knut Mjøs og Arne Nordås inn til orienteringsmøte i Betania Knarvik 24.04., med spørsmål om pinsemenighetene skulle vere med i eit slikt prosjekt. Der blei det valt utsendingar til eit nytt møte som skulle vere på folkehøgskulen 26.04.84. I tillegg til dei tre som alt er nemnt, blei Magne Undheim valt til utsending.
 
Det kan synast som dei hadde det travelt. Og det hadde dei. Søknadsfristen for andre prøvekonsesjonsrunde var nemleg 15.05.84. På møtet på Nordhordland Folkehøgskule 26.04.84 møtte det representantar for 19 lag og organisasjonar. Der blei det semje om å etablere ein paraplyorganisasjon, Nordhordland Nærradio. Denne skulle søkje både om sendekonsesjon og om konsesjon som eigen nærradio, og skulle stå som eigar av sendeutstyr og utstyr i studio. Og vidare blei det bestemt at studio skulle vere på Nordhordland Folkehøgskule.
 
Av eit notat etter møtet går det fram at ei nemnd fekk fullmakt til å søkje om konsesjon utan å gå tilbake til dei ulike interessentane først. Dette på grunn av den korte fristen fram til 15.05. Det går vidare fram at nemnda søkte om konsesjon for å sende 28 timar for månaden, fordelt på 29 interessentar. Dette meinte utsendingane frå pinsemenighetene var altfor lite.
 
Så var det klart for å arbeide vidare med å få pinsemenighetene sin radio etablert meir formelt. Nokre reiste på radiokurs på Hedmarktoppen tre dagar i førstninga av juni. Og så kalla dei fire utsendingane, som etter kvart blei rekna som eit arbeidsutval for saka, pinsemenighetene inn til møte i Betania, 25.06.04. Her blei det teke opp spørsmål som samarbeid mellom dei aktuelle menighetene, utkast til lover, føremål, økonomi etc.
 
Arbeidet gjekk sin gang, og arbeidsutvalet kalla menighetene inn til nytt møte 24.09.84. På saklista no hadde det m.a. komme med bygging av studio og godkjenning av lovutkast. Det møtte 24 utsendingar frå alle pinsemenighetene i Nordhordland i tillegg til utposten Betel, Leiknes og menigheten Betania, Ytre Arna. Av referatet går det fram at mykje kom til å dreie seg om økonomi og drift. Interimstyret som arbeidde for å etablere Nordhordland Nærradio hadde nemleg gjort framlegg om å tilsetje lønna redaktør i heil stilling. Dette meinte menighetene blei for dyrt. Dei ba arbeidsutvalet for pinsemenighetene arbeide ut eit revidert kostnadsoverslag før skipingsmøtet. Dessutan blei det valt to personar i tillegg inn i pinsemenighetene sitt arbeidsutval: Olav Martinsen og Ingolf Ones.
 
Så var det endeleg klart for konstituerande møte for Nordhordland Pinseradio 22.10.84. I dette møtet låg det klart lovframlegg og kostnadsoverslag for nødvendige investeringar. Dei ulike menighetene sa frå om dei ville vere med, og på kva premissar. Dei som forplikta seg til å vere med, var då Betania, Knarvik, Betel, Frekhaug, Betel, Sletta, Filadelfia, Manger og
Eben Eser, Fammestad. Betel, Leiknes ville vere med på frivilleg lyttarlisens og med gåver, altså ein slags assosiert medlem, utan å binde seg fast. Dei andre menighetene var også positive til å starte nærradio, men såg seg ikkje i stand til å delta i eit forpliktande samarbeid. Det blei bestemt at første møtet i representantskapet skulle vere 05.11.84, og det blei valt utsendingar til skipingsmøte i Nordhordland Nærradio. Først på årsmøtet i 1990 blei namnet på Nordhordland Pinseradio formelt endra til ”Radio PR – Pinseradioen” som framleis er det offisielle namnet. Då hadde det i praksis alt vore brukt ei tid.
 
Av referatet går det fram at det var ein god del diskusjon om økonomien på dette møtet. Spørsmåla gjaldt om ein skulle satse på frivilleg lyttarlisens, frivillege offer og gåver frå menighetene, gåvebrev, eller om kvar menighet skulle støtte med eit fast beløp etter medlemstalet.
 
Så blei Nordhordland Nærradio skipa 30. oktober 1984. Denne radioen fekk etter kvart namnet Radio Nordhordland. Den 6. mars 1989 blei han formelt skipa som aksjeselskap.
 
Ved konstitueringa av representantskapet i Nordhordland Pinseradio 05.11., blei Harald Kleiveland valt til formann og Olav Martinsen til varaformann. I det første styret blei desse valde: Amund Valde, formann, Arne Nordås, varaformann, Finn Frantzen, Inger Britt Holsen og Turid Johannessen.
 
Av referatet går det fram at møtet starta kl. 19.30. Etter at det formelle var unnagjort, og alle vedtak var gjort samrøystes, heldt dei fram til kl. 23.15 med meir uformelle drøftingar. Det har tydeleg vore eit stort engasjement for saka!
 
I tillegg til det organisatoriske, blei det i denne perioden gjort eit svært stort dugnadsarbeid for å få radioen på lufta. Det måtte gjerast ei rekkje avtaler om leige av lokaler og grunn, og det skulle gjerast mange innkjøp. Og så skulle det heile finansierast. Det blei sett opp ein sendar på Storeknappen på Frekhaug. På Fjellsbø fekk radioen leige seg inn på Nordhordland Taxisentral si mast. Og sist, men ikkje minst, skulle det teiknast og byggjast studio på Nordhordland Folkehøgskule, i første etasje/ kjellar like under matsalen. Det meste av alt dette arbeidet blei gjort på dugnad. Mange var med, men det er neppe for mykje å seie at nokre medarbeidarar frå Radio PR var blant dei ivrigaste. Her kan vi m.a. nemne Arne Nordås og Øyvind Berge som særleg aktive.
 
Etter ein hektisk aktivitet hausten 1984 og utover vinteren, var det endeleg klart til sendestart. På årsmøtet i Nordhordland Pinseradio 01.03.85 blei det opplyst at studio på Frekhaug var ferdig, medan det mangla noko utstyr. Og Pinseradioen var først på lufta med prøvesending ”14 dagar etter påske 1985”. Det var i dei tider mange som takka Gud for at vi endeleg fekk sjansen til å sende evangeliet rett heim i stova til folk. I eit notat er det elles opplyst at den offisielle opninga/første sendinga til Nordhordland Nærradio var tysdag 28. mai 1985 med kulturminister Lars Roar Langslett som gjest i studio.

 
VEDTEKTER OG EIGARTILHØVE

 
Radio PR blei starta med denne eigarfordelinga:
Pinsemenigheten Betania, Knarvik               43%
Pinsemeninghetne Betel, Moldkleiv              20%
Pinsemenigheten Filadelfia, Manger             13%
Pinsemenigheten Betel, Sletta                       13%
Pinsemenigheten Eben Eser, Fammestad        11%
 
Det er ikkje gjort endringar i eigarstrukturen sidan oppstarten i 1984.
 
I den første utgåva av ”Lover for Nordhordland Pinseradio” § 1, heiter det om føremålet: ”Nordhordland Pinseradio har som målsetjing å forkynna Bibelens bodskap i Nordhordlandsregionen, og å gjera kjent arbeidet som vert drive heime og ute.”
 
Første revisjon var på årsmøtet 1989. Då blei føremålsparagrafen justert slik at det no berre stod at ”Radio PR – Pinseradioen, heretter kaldt Radio PR, har som målsetjing å forkynna Bibelens bodskap i Nordhordland-regionen.”
 
Etter nye revisjonar på årsmøtene i 1990 og 1992, blei føremålsparagrafen ikkje endra. Men ved siste revisjonen 03.03.98 blei det ei endring. No blei ordlyden slik: ”Radio PR har som målsetjing å formidle kristne, kulturelle og dagsaktuelle program i regionen.” Grunngjevinga for denne endringa var nok bl.a. at Nordhordland Nærradio var borte, og ein ville opne for andre typar program enn dei ein før hadde hatt.
 

NYE STUDIO

Allereide på første årsmøtet i Pinseradioen 01.03.85 gav Betania, Knarvik tilbod om å innreie studio i kjellaren. Dette blei det takka ja til i møtet. Tanken var at det skulle vere ein stad der alle pinsemenighetene kunne komme og arbeide i ro med programskaping. Ein såg føre seg at med 29 interessentar ville det etter kvart bli vanskeleg med tilgang til studio på Frekhaug når det ikkje var sending. Mest alt måtte sendast direkte. Det blei utarbeidd teikningar som synte at det var teknisk mogleg å få til eit lite studio og teknikarrom med felles bruk av kontoret i kjellaren. Denne løysinga hadde fått grønt lys i menighetsmøte i Betania, og dermed var arbeidet med å byggje nytt studio i gang, straks ein var ferdige med det første på folkehøgskulen.
 
Då studioet vel var ferdig i januar 1986, viste det seg at den kvadratiske forma på rommet, gjorde det svært vanskeleg å få skikkeleg lyd. Fleire løysingar blei lagt fram og ”utforska”. Konklusjonen blei likevel at eine veggen måtte rivast og endrast slik at rommet fekk ei anna utforming. I mellomtida hadde forstandaren flytta kontoret opp i brakka, og det låg til rette for å fjerne veggen mellom kontoret og vindfanget også. Nytt studio blei det ikkje, men eit stort – og kanskje litt irriterande – arbeid for å få studioet til å fungere tilfredsstilllande.
 
Etter ei tid i det første studioet på folkehøskulen, viste det seg at dette var for lite. Folkehøgskulen ville elles gjerne ha dette arealet sjølv. Det blei derfor bestemt at det skulle byggjast nytt studio i kjellaren på jenteinternatet. Nordhordland Nærradio fekk først melding frå folkehøgskulen om at dei måtte vere ute av det første studioet innan oktober 1987. Deretter blei det gitt ein absolutt siste frist til 01.08.88. Her fekk radioen 2 sendestudio med eit felles teknikarrrom i tillegg til eit romsleg fellesrom og kontor. Også dette studioet blei i det vesentlege bygt på dugnad, og det ”radioaktive” folket frå Radio PR spela ei hovudrolle også denne gongen. Eit avisoppslag i Strilen 30.07.88 viser elles at det denne gongen var vanskar med å stable nok dugnadskrefter på beina frå dei ulike organisasjonane, og nytt studio var ikkje klart til det gamle måtte flyttast frå. Dermed blei det sendestans på radioen. Studioet stod likevel klart ut på hausten i 1988. I årsmeldinga for Radio PR for 1988 heiter det m.a. om dette: ”Arbeidet vart for det meste utført av nokre få medarbeidarar i Radio PR. På grunn av dette får Radio PR sende ”Det Kristne Hjørnet” gratis til 31.12.90.
 
Men tida stod ikkje stille på Nordhordland Folkehøgskule. Skulen kom til at dei måtte bruke kjellaretasjen på jenteinternatet til eige føremål. Radio Nordhordland, og alle radioane som framleis var med under ”paraplyen”, fekk tilbod om å lage nytt studio i det eldste internatet, Herregården, like ved parkeingsplassen ved innkjørsla til skulen. Så var det å setje i gang igjen – mykje godt med den same dugnadsgjengen. Og studio vart det. Det blei meldt at det var under bygging i september 1992. (Melding i styremøte i PR 28.09.92) Så var det endeleg klart til bruk 01.01.93. I mellomtida hadde det vore opphald i sendingane frå ferien og fram til oktober/ november. Deretter hadde det blitt sendt mellombels frå studio i Austrheim. Så frå januar 1993 gjekk altså sendingane frå det tredje studioet på folkehøgskulen fram til Radio Nordhordland innstilte drifta og gjekk konkurs 1. september same året.
 

EIGEN KONSESJON OG SENDING FRÅ EIGE STUDIO

Radio PR hadde ikkje eigen konsesjon dei første åra vi sende. Det blei send på Nordhordland Nærradio/ Radio Nordhordland sin konsesjon. I skriv av 04.05.92 varsla Radio PR Radio Nordhordland om at vi ville søkje eigen konsesjon, slik at ein også kunne sende frå eige studio i Knarvik ”når forholdet ligger til rette praktisk og økonomisk.” Og så blei det send søknad 03.08.92. Det blei gitt konsesjon i skriv av 08.01.93 frå Nærkringkstingsnemnda. I vedtaket heter det: ”Konsesjon innvilges for Lindås, Radøy, Meland, Masfjorden, Austrheim og Fedje under forutsetning av at sendingene skjer på ledig sendetid pr. 05.08.92.
 
Så kan det nemnast at Radio Mix hadde søkt eigen konsesjon i 1990 og laga eige sendestudio i Knarvik Senter. Radio PR knytte seg opp til dette studioet med eiga linje i førstninga av 1993, truleg i januar eller februar. Dermed kunne vi også sende frå studioet i Betania. Det blei på mange vis ei ny tid. Det var ikkje lenger nødvendig å ta med seg mjølkekassane med LP-plater for kvar sending vi skulle ha frå Frekhaug. Vi kunne organisere plater, kassettar, CD-ar, kjøreplanar og mykje anna på ein meir tilfredsstillande måte.
 
Men så innstilte Radio Mix drifta berre eit halvt år seinare, 06.08.93, og dermed kunne ikkje linja gjennom deira studio lenger brukast. Så var vi på mange måtar tilbake til situasjonen med felles sendestudio på Frekhaug slik det hadde vore før.
 
Men berre tre veker seinare, frå 01.09.93, innstilte også Radio Nordhordland drifta av radioen. Ikkje lenger etter var det klart at også Radio Nordhordland var konkurs. Fleire av dei som var med i starten, hadde gitt seg med sendingar, men nokre var framleis med. Deriblant var Radio PR.
 
Radio PR søkte omgåande (06.09.93) om å få overta sendekonsesjonen etter Radio Nordhordland, og det fekk vi. Deretter fekk Radio PR tilslaget på utstyret som Radio Nordhordland hadde, frå bustyret. Den 20.09.93 var det klart for ekstraordinært årsmøte der det blei vedteke å kjøpe utstyret. Dermed var det for så vidt klart med vidare sendingar, i alle fall i prinsippet.
 
Så kom ei tid med avvikling på Frekhaug, demontering av utstyr og meir slikt. Det blei sett i gang mellombels sendingar med bruk av ein Marti-sendar frå studioet i Knarvik. Men slik det ofte er, blei den mellombels løysinga verande lenger enn vi vona. Mange ulike løysingar blei vurderte. Tida var også usikker med omsyn til om det ville bli starta ein ny ”Strileradio” i distriktet. Etter noko fram og tilbake, blei det etter kvart klart at Radio PR var den einaste radioen som framleis var i drift av dei som hadde vore med i Radio Nordhordland, og truleg ville bli slik for ei tid framover. Så blei det send søknad om å få ein ny sender i Knarvik. Først blei det avslag, men etter at vi klaga, fekk vi endeleg 29.10.98 godkjenning på å setje opp ein ny sendar ved Betania i Knarvik. Og frekvensen er jo lett å hugse: 100,0 MHz.
 

SENDEKONSESJON

Då det skulle søkjast om ny sendekonsesjon ved ny konsesjonsrunde i 1995, blei det klart at Radio PR, Radio Vaksdal og Radio Osterøy var plassert i same konsesjonsområde. 20.11.95 gav desse radioane ei samla erklæring om at dei gjerne ville halde fram som sjølvstendige konsesjonærar. Det fekk dei ikkje. Litt over eitt år seinare, 27.02.97, var ein avtale mellom Radio Osterøy og Radio PR klar, og Nordhordland Sendernett blei oppretta som eit fellestiltak mellom dei to radioane. Som føremål og ramme heiter det: ”Avtalen har som siktemål å sikra konsesjonsområde nr. 69 for lokalradio, tilfredstillande sendarnett og vedlikehald.” Og vidare blei det gjort avtale om eigarforhold, ansvar og styre.
Området har seinare fått nr. 70 og dekkjer kommunane Masfjorden, Osterøy, Lindås, Modalen, Meland, Austrheim, Radøy og Fedje.
 

SAMSENDINGAR

Første søknaden om samsendingar gjekk 09.10.95. Då søkte Radio PR om å få samsende med Radio Tabernaklet og Kystradioen. Og Statens medieforvaltning gav i skriv av 17.10.95 løyve til samsendingar ut året. Litt over to månader var så visst ikkje mykje i høve til arbeidet med klokker og innstillingar, men det var ein første start på noko som etter kvart skulle bli meir omfattande.
 
Så var det litt fram og tilbake og uformelle kontaktar. Ein søknad om samarbeid med Radio Gnisten og Radio Osterøy i 1996, blei avslått av medieforvaltningen 28.08.96. Men etter kvart blei det arbeidd meir målmedvite med spørsmål om samsendingar, og hausten 1998 sa Radio Tabernaklet, Radio Gnisten, Radio Fana og Kystradioen seg interesserte i å la deler av sine sendingar gå ut på Nordhordland Sendernett – sendarnettet til Radio Osterøy og Radio PR – sine frekvensar. I april 1999 låg det føre godkjenning frå Statens medieforvaltning, og 19. mai blei det skrive avtale mellom dei seks radioane med planlagt oppstartdato 1. september same året. Samsendignane kom i gang etter oppsett plan, og har i det vesentlege halde fram etter same planen til no, med godkjenningar stort sett for eitt år om gongen frå Statens medieforvaltning.

 

ØKONOMI

Økonomien har vore vekslande gjennom desse 20 åra. Til dømes fekk vi hausten 1994 ein sender ut av drift. Han hadde blitt øydelagt i eit torever. Kostnaden med ny ville vere over 40.000. – noko radioen ikkje på nokon måte hadde pengar til. Og heile radiosendingane heldt enno ein gong på å stoppe. Men så fekk vi det dekka av forsikringa, – og radioarbeidet kunne etter nokre månaders opphald, fortsetje.
 
I periodar har det vore vanskeleg med likviditeten, som t.d. i slutten av 1995 då det var akutt krise. Då hette det bl.a. i et skriv til eigarmenighetene: ”Vi kan ikke fortsette med å betale regninger av egen lomme, i tillegg til stor dugnadsinnsats..” Men så kom ”bjørnelotteriet” våren 1996, og etter det har økonomien vore lettare og likviditeten god. Likevel er det viktig å understreke at alle eigarmenighetene i alle desse åra har betalt sin kontingent punktleg. Dermed har Radio PR heile tida hatt eit godt økonomisk fundament på inntektssida. Og eigenkapitalen har heile tida vore positiv.
 

MEDARBEIDARAR

Sjølv om det gjennom mange år har blitt etterlyst fleire medarbeidarar, kan vi slå fast at det har vore ein trufast kjerne som har gjort ein stor innsats med programskaping og teknisk oppfølgjing gjennom mange år. Mange har faktisk vore med heilt frå starten. Og nye har komme til slik at vi alltid har vore ca. eit 20-tals medarbeidarar. Ved jubileet er vi 21 aktive medarbeidarar: 12 på programskapingssida, 3 teknikarar og 6 telefonvakter.
 

LEIARAR I REPRESENTANTSKAPET

Frå:                             Til:
15.11.84                      årsmøtet 1989             Harald Kleiveland
Årsmøtet 1989           årsmøtet 1993             Olav Martinsen
Årsmøtet 1993           årsmøtet 1996             Leidulf Fauskanger
Årsmøtet 1996           årsmøtet 2000             Harald Kleiveland
Årsmøtet 2000           dd                               Oddmund Skjelvik
 

LEIARAR I STYRET

Frå:                             Til:
05.11.84                     1986 eller 1987           Amund Valde
86/87? (attval i 88)     årsmøtet 1990             Bjarne Skråmestø
Årsmøtet 1990           årsmøtet 1996             Arne Nordås
Årsmøtet 1996           årsmøtet 1998             Arvid Valdersnes
Årsmøtet 1998           31.08.01                     Svein Børtveit
01.09.01                     dd                               Tom Arild Valdersnes
 

REDAKTØRAR

Frå:                             Til:
05.11.84                     1985 eller 1986?         Jakob Asebø
1985 eller 1986?         31.08.01                     Jan Åge Johannessen
01.09.01                     31.01.04                     Svein Børtveit
01.02.04                     dd                               Jakob Aasebø
 

SENDETIDER

Hovudsendinga til Radio PR har så godt som heile tida vore lagt til fredagskveldane. I mange år var dette einaste sendetida. Den første tida gjekk sendinga frå 20.30 til 24.00. Så kom det utvidingar litt etter kvart. Frå 11.09.98 starta vi å sende ungdomsprogram på onsdag ettermiddag frå 16.00 til 17.00, og hadde i fleire år ei gruppe ivrige ungdommmar som produserte desse programma. Frå 01.09.99 laga vi i tillegg musikkprogram måndag frå 17.00 til 20.00 og onsdag 18.00 – 20.00.
 
Den stor endringa kom ved overgang til bruk av PC frå hausten 2000. Etter kvart blei alle andre enn fredagsprogramma PC-baserte. Frå 01.05.02 utvida vi med Nattmusikk frå fredagskvelden kl. 23.00 til ut på laurdagsnatta kl. 03.00, og vi la inn reprise laurdag føremiddag på programmet som gjekk onsdag ettermiddag.
 
Neste utviding kom 1. mai året etter. Då la vi inn musikkprogram i den ledige tida mellom 12.30 og 15.00 på måndag, onsdag og fredag. Etter dette sender Radio PR i dag til saman 23 timar kvar veke.
 
Det bør også nemnast i denne samanhengen at utvidingane er gjort i godt samarbeid med Radio Osterøy, som for sin del også har utvida sendeflata, og no sender 22,5 timar for veka.
 
Framleis er hovudsendinga vår direktesendinga fredagar frå klokka 20.30 til 23.00. Annakvar fredag har vi "Det kristne hjørnet". Den andre fredagen er det omsorgsprogram. Kvar fredag gir vi nytt og aktuelt stoff og annonseringar mellom 20.30 og 21.00.